![]() |
Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Siddisland (mandag 20. februar). Les mer om roperten…
Skulepolitikar for Framstegspartiet, Mette Hanekamhaug, har dei siste vekene sendt eit lesarinnlegg til mange lokal- og regionalaviser der ho samanliknar elevar og foreldre med kundar. Ho skriv “Kunden har alltid rett”, og set likskapsteikn mellom servicebransjen og skulen. Det er ei samanlikning som avslører Frp sitt syn på barn og unge si læring: Det er eit “produkt” som skal “seljast”. Det er å sleppe marknadskreftene til i skulen.
Vidare meiner ho at det er greitt å bruke nasjonale prøver til å lage “rangeringar” av skulane. Ho meiner jamvel det vil vere informativt for foreldre. Men sanninga er at nasjonale prøver ikkje gir eit tilstrekkeleg grunnlag for samanlikning. Det veit Utdanningsforbundet, Elevorganisasjonen og Foreldreutvalet for Grunnopplæringa. Alle tre er mot dette. Nasjonale prøver sin funksjon er ikkje å rangere, men å løfte nivået på den enkelte skulen. Då er det betre å gjere slik mange skular allereie gjer: Å gå gjennom resultata til skulen frå nasjonale prøver på foreldremøte.
Hanekamhaug sitt innlegg avslører det smale synet på kunnskap som Frp har, og som dei deler med Høgre. Det er berre tala frå dei nasjonale prøvene som gjer inntrykk på dei. Me i Arbeidarpartiet vil løfte elevane sitt lag med både lesing, skriving og rekning, men vil òg at skulen skal vere med på å gjere elevane til gagns menneske. Difor satsar me på ein god fellesskule med høge ambisjonar for alle.
Av Hadia Tajik, stortingsrepresentant (Ap)