Arbeiderdernes Historielag i Rogaland arrangerer en møteserie

NY START – møteserie om framtida for venstresida!

Program:

4. oktober:        Kjartan Fløgstad: «NY START – Sosialisme etter nyliberalismens herjingar.»            Folkets hus  kl. 19.00.

17. oktober:        Hallvard Tjelmeland: «Korleis balansera mangfald og klassemobilisering.Historiske lærdommar»            Gunnar Roalkvam: «Samvirke-modellen – eit alternativ for venstresida.»            Folkets hus kl. 19.00

13. november:    Ingrid Fiskaa, Mimir Kristjansson,Torstein Tvedt Solberg:            «NY START - Finnest det ei framtid for venstresida»            Folkets hus kl. 19.30.

Bakgrunn:Arbeidernes Historielag i Rogaland (AHR) sitt føremål er å dokumentera og formidla historia til vanlege arbeidsfolk. I dette arbeidet er dei «lange linjene» i historia eit viktig tema. Kva var grunnlaget for mobilisering av veljarar til partia på venstresida i arbeidarrørsla «sine glansdagar»? Korleis og kvifor har det skjedd endringar i dette grunnlaget, og finnest det eit håp for ein ny start for venstresida etter at nyliberalismen har vore den dominerande ideologien i Norge og den vestlege verda dei siste 30-40-åra? 

Presentasjon:Føremålet med møteserien er å setja søkelyset på ideologiske spørsmål og skiljelinjer. AHR ønskjer å undersøkja om dette kan leia fram til eit tydeleg felles ideologisk grunnlag for venstresida som kan mobilisera fleire veljarar i åra framover. I denne møteserien vil derfor publikum- altså veljarane-  bli inviterte til å delta med spørsmål og kommentarar.  

Kjartan Fløgstad opnar møteserien med foredraget: «NY START – sosialisme etter nyliberalismens herjingar». Fløgstad har i romanar og sakprosa i over 50 år gitt viktige bidrag til forståinga av vanlege arbeidsfolk sin historie og grunnlaget for politisk mobilisering både i det  han kallar «industrialismens lukkelege augneblink»og i det post-industrielle samfunnet. Han har vore ein tydeleg og partipolitisk uavhengig stemme i samfunnsdebatten. Med oppvekst i Sauda har Fløgstad førstehands kunnskapar om livsvilkåra for arbeidsfolk og sosialt og politisk liv i industrisamfunnet. 

Det andre møtet har fått tittelen: Refleksjonar etter eit val. Hallvard Tjelmeland, professor i historie ved UiT,  er hovudinnleiar. Under tittelen: «Korleis balansera mangfald og klassemobilisering. Historiske lærdommar», vil Tjelmeland visa kvifor venstresida må kombinera mangfald med eit klasseperspektiv i politikken. Tjelmeland har i forskinga si jobba med slike problemstillingar. Han kjem opphavleg frå industristaden Jørpeland. Vår eigen lokalhistorikar og forfattar Gunnar Roalkvam vil supplera Tjelmeland sine analyser med ei innleiing om samvirke-modellen som eit prosjekt for venstresida i framtida. Roalkvam har i fleire bøker dokumentert kooperasjonen si historie i Stavanger og Rogaland. I diktet «Hu Jenny» skildrar Roalkvam Hu Jenny på Økonomen avdeling to som eit varmt og godt menneske som «trodde på samvirketanken og sa at butikken va vår,og pengar som blei te overs, fekk me igjen neste år».

Møteserien blir avslutta med at Stortingspolitikarar frå venstresida, Ingrid Fiskaa(SV), Mimir Kristjansson(RV) og Torstein Tvedt Solberg(AP, møtest til debatt om framtida for venstresida. Møtet vil handla om dei grunnleggjande ideologiske spørsmåla som har blitt reiste reiste i møteserien. Korleis kan veljarane vinnast for venstresida sine idear? Er dei utanrikspolitiske og ideologiske motsetnadene mellom partia på venstresida blitt så små at det er på tide å vurdera eit meir forpliktande politisk samarbeid for å møta «vinden